Møre og Romsdal først ute med nytt ferjekort
7. desember 2009 tek ferjeselskapa i Møre og Romsdal, Fjord1 MRF og Tide Sjø i bruk eit nytt billetteringssystem og nye ferjekort på alle ferjesamband i fylket.
- Vi er fornøgde med at Ferjekort no endeleg kan takast i bruk av dei reisande, seier seniorrådgivar Robert Fjelltun Bøe i Statens Vegvesen. Innføring av eit felles billetterings- og rabattsystem med nye ferjekort sikrer at trafikantane får same rabattordning på alle reiser. Det er eit politisk og næringspolitisk ønskje om å utvide tilbodet om ei samordna billettering i både riksveg- og fylkesvegsamband.
Statens Vegvesen har teke initiativ til samarbeidsprosjektet, som er første etappe i arbeidet med å innføre eit Ferjekort for alle ferjesamband i landet. I løpet av våren 2010 skal ferjekortet innførast på alle ferjesamband på Vestlandet.
Byte av kort
For deg som kunde blir dei tilgjengelege produkta bortimot som før, men sonekort for bil og person kan ikkje lenger brukast. Alternativet er verdikort. Du får refundert restverdien på sonekorta ved å sende inn gamalt kort til Fjord1 MRF.
Fjord1 MRF og Tide Sjø får separate billettsystem, og det medfører at verdikorta slik som før kan brukast på alle samband, men må frå 7.12.09 fyllast på hos ferjeselskapet som har levert kortet.
Gamle verdikort må bytast til nytt Ferjekort. På Tide Sjø sine ferjer betaler du differansen mellom restverdien på kortet og full pris for kortklasse. Du får då eitt nytt verdikort. Hos Fjord1 MRF får du nøyaktig restverdi i gammalt kort overført til nytt kort hos billettør.
Gamle periodekort og studentkort kan nyttast ut perioden det er betalt for. Etter det kjøper du eit Ferjekort.
Kontaktpersoner:
- Robert Fjelltun Bøe, Statens vegvesen Vegdirektoratet, tlf.: 917 77 77
- Tor Myklebust, prosjektleiar for Fjord1, tlf.: 90 83 96 85
- Frode Ohr, Viseadm.direktør Fjord1 MRF, tlf.: 901 12 365
- Herbjørn Skumsnes, prosjektleiar for Tide Sjø, tlf.: 91681172
- Geir Aga, Viseadm.direktør i Tide Sjø: 911 43 547
Om Ferjekort:Disse ferjekorta gjeld frå 7. desember 2009:
Første gang du kjøper Ferjekort, betaler du kortpant på kr 100,-. |


