5 ferjesamband i Nordland med i Ferjekort

Frå 1. oktober 2015 kan verdikort og storbrukarkort, som inngår i Ferjekort i dag, også brukast på 5 ferjesamband i Nordland.

Frå 1. oktober 2015 kan verdikort og storbrukarkort, som inngår i Ferjekort i dag, også brukast på 5 ferjesamband i Nordland.  Det gjeld ferjesambanda:

  • Bodø - Moskenes - Værøy - Røst
  • Lødingen - Bognes
  • Drag - Kjøpsvik
  • Bognes - Skarberget
  • Melbu - Fiskebøl

Torghatten Nord er operatør på dei aktuelle ferjesambanda. Utvidinga medfører også at Torghatten Nords berøringsfrie ferjekort, som alt er i bruk i hos kundane, frå 1. oktober 2015 kan brukast på alle ferjesamband som inngår i Ferjekort.

Verdikortet kan brukast på tvers av alle ferjeselskap, men påfylling og evt refusjon må skje hos det ferjeselskapet som selde kortet.  Med tanke på lett tilgang til påfylling kan det altså vere lurt å kjøpe verdikortet hos det ferjeselskapet som opererer det sambandet du nyttar oftast.  Kortet får du kjøpt direkte hos billettør på ferjesamband som inngår i ferjekortsamarbeidet.

Praktisk informasjon finn du også på ferjeselskapa sine heimesider:

www.torghatten-nord.no

www.norled.no

www.fosennamsos.no 

www.fjord1.no

www.gulenskyss.no

Les flere aktueltartikler i arkivet »

1. mars 2018 vart 3 nye ferjesamband i Nordland innlemma i nasjonalt ferjekort i Nordland.

1. mars 2018 vart 3 nye ferjesamband i Nordland innlemma i nasjonalt ferjekort i Nordland.

10 nye ferjesamband med nasjonalt ferjekort i Nordland

I januar 2017 har 10 nye ferjesamband tatt i bruk nasjonalt ferjekort i Nordland.

Frå 08.12.2016 vert 8 nye ferjesamband i Nordland med i Ferjekort

8. desember 2016 aksepterer 8 nye ferjesamband i Nordland i ferjekort i nasjonalt ferjekortsamarbeid.

Arkiv »