Felles Ferjekort for Vestlandet frå 1. februar

Ferjesambanda i Møre og Romsdal tok i bruk Ferjekort i desember 2009 og no følgjer alle ferjesamband i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland etter. Ferjekort kan også nyttast på Tide Sjø sine samband i Trøndelagsfylka; Brekstad–Valset og Levanger–Hokstad, og Fjord1 MRF sitt samband i Finmark; Hasvik–Øksfjord–Tverrfjord.

Rabatt på alle reiser

– Vi er nøgde med at Ferjekort no takast i bruk på heile Vestlandet, seier seniorrådgivar Robert Fjelltun Bøe i Statens vegvesen. Ferjekort kan nyttast på tvers av ferjeselskapa og trafikantane får same rabatt på alle samband som er med i ordninga.

Ei felles betalingsløysing og rabattordning har lenge vore eit ønske, spesielt frå næringstransport og andre som reiser ofte langs kysten. Statens vegvesen har teke initiativ til samarbeidsprosjektet om Ferjekort, som etter kvart kan takast i bruk av alle ferjerederia i landet.

Byte av kort

For å få rabatt etter 1. februar treng du Ferjekort. Har du verdikort i dag, og vil ha overført restverdien til det nye kortet, må dette gjerast hos det selskapet som har levert det gamle kortet. Alternativt kan du skaffe deg Ferjekort på ferja du skal reise med, og deretter få refundert restverdien på gamalt kort ved å sende det til selskapet som har levert dette.

Sonekorta går ut

For deg som kunde blir dei tilgjengelege produkta bortimot som før, men sonekort for bil og person kan ikkje lenger brukast. Alternativet er verdikort. Du får refundert restverdien på sonekortet ved å sende inn gamalt kort til det ferjeselskapet som har levert dette. 

Gamle periodekort og studentkort kan nyttast ut perioden det er betalt for. Etter det kjøper ein eit Ferjekort.

Les flere aktueltartikler i arkivet »

1. mars 2018 vart 3 nye ferjesamband i Nordland innlemma i nasjonalt ferjekort i Nordland.

1. mars 2018 vart 3 nye ferjesamband i Nordland innlemma i nasjonalt ferjekort i Nordland.

10 nye ferjesamband med nasjonalt ferjekort i Nordland

I januar 2017 har 10 nye ferjesamband tatt i bruk nasjonalt ferjekort i Nordland.

Frå 08.12.2016 vert 8 nye ferjesamband i Nordland med i Ferjekort

8. desember 2016 aksepterer 8 nye ferjesamband i Nordland i ferjekort i nasjonalt ferjekortsamarbeid.

Arkiv »